Statistikk og designinnstillingar

av Nettserier.no | 28.01.2012, 23:10 |

Har gjort eit par små endringar på Nettserier dei siste dagane. Noko av det har de kanskje allereie lagt merke til, men om de ikkje har det, her er eit kort samandrag:

  • No kan de finne besøks- og sidevisningsstatistikk for seriane dykkar på Mi side igjen. Mi side -> Administrer serie -> Statistikk. Informasjon om sidevisningar for perioden 16. juni til 21. januar er diverre ikkje lagra på grunn av ein teknisk feil, men bortsett frå det er det registrert statistikk for alle seriar tilbake til 1. mai 2011. Andre typer statistikk kan bli lagt til seinare, men er ikkje tilgjengeleg for augeblikket.
  • No kan de endre designet på seriane dykkar på Mi side igjen. Mi side -> Administrer serie -> Design. Her kan de endre alle fargane som visast på sidene dykkar (nesten) for å skape eit meir personleg preg over serien dykkar i staden for å berre ha standarddesignet til Nettserier. Bonus: Dersom du hadde endra på fargane for serien din FØR omlegginga av Nettserier, er dei gamle fargane tilbake no (men det kan sjølvsagt hende at menyen og footeren, som ikkje eksisterte på gamle Nettserier, kanskje klæsjar litt med resten i fargane ...) Eg er sikker på at mange av dykk som eit resultat av det lurer på kvifor de ikkje kan leggja til eiget headerbilete eller bakgrunnsbilete, og då må eg berre svare at den moglegheita kjem til å kome tilbake, men at eg foreløpig ikkje har ein tidsplan for nøyaktig når.

Kjem forhåpentlegvis til å få på plass fleire funksjonar på Nettserier i ikkje alt for fjern framtid, det er kanskje mykje de framleis saknar , og sjølvsagt er planen at alt eller så godt som alt skal på plass igjen.

Brainstorming og interesselodding: Nettserier som AS?

av Nettserier.no | 26.01.2012, 07:49 |

Merk: Dette blogginnlegget er ikkje eit løfte om noko som skal skje. Det er heller ikkje eit offisielt prospekt for noko som helst. Dette er ei rotete skriftleg utgåve av nokre tankar eg har grubla litt på, som eg ønskjer tilbakemeldingar frå Nettserier-samfunnet på før eg vurderer korvidt eg skal gå vidare med dei eller ikkje.

Det burde ikkje kome som ei bombe at eg brenner for Nettserier, og at eg ønskjer alt det beste for denne nettstaden. Og eitt spørsmål ein er nøydt til å stille då, er korvidt måten Nettserier drivast på i dag eigentleg er den beste måten å drive Nettserier på. Og ein av dei faktorane eg har vurdert om det kan vera fordelaktig å endre på, er dette med organisasjonsform.

Så lenge ein legg enkelte kriterier til grunn (som eg kjem tilbake til straks) ville det vera fullt mogleg å omdanne Nettserier tl eit aksjeselskap. Men eg tviler på at det eigentleg hadde utgjort nokon forskjell dersom eg framleis sat som einaste eigar og einaste styremedlem i tillegg til å vera dagleg leiar. Då hadde eg framleis jobba utelukkande på eigne premissar, akkurat som eg gjer i dag. Det som derimot kunne vera interessant, er om nokre andre hadde gått inn for å eiga Nettserier.no saman med meg.

Kven skulle isåfall den «nokon» vera? Store sosiale nettverk som har stor peiling på å drive nettstadar? Store teikneserieforlag som har fleire føter i teikneseriebransjen allereie og som sannsynlegvis har god peiling på kva som kan gjerast betre? Jodå, sannsynlegvis hadde det vore ein god idé.

Men for å få noko sånt til å gå rundt, må ein operere på eit sparebluss som dei aktørane sannsynlegvis ikkje ville ha godteke. For å få dette til å gå til, er ein nøydt til å ha folk som verkeleg brenner for Nettserier som opererer både framfor og bak kulissane.

Og ein tanke som ofte slår meg når eg tenkjer over dette, er: Dersom det finst nokon som brenner for Nettserier like mykje som eg gjer, er det dykk. Brukarane. Dersom eg skulle drive Nettserier saman med nokon, ville det openbare valet vera å spørja brukarmassen om de kan vera interesserte i å vera med på noko sånt.

Så første spørsmål er:

Dersom Nettserier.no hadde blitt omdanna til eit aksjeselskap: Kunne du tenkja deg å kjøpe aksjer i selskapet?

Spørsmålet går både til dei som kunne tenkja seg å investere eit par hundrelappar og til dei som kunne tenkja seg å skyte inn mange tusen kroner. Eg vil òg vite kor mykje du isåfall kunne tenkja deg å investere, men understreker at dette foreløpig berre handlar om å undersøke interesse og at ingenting du skriver som eit svar på dette er bindande. Eg ser for meg at for å gjera dette tilgjengeleg for så mange som mogleg kunne aksjene ha ein pålydande verdi på 100 eller 200 kroner, og det vil jo vera ei begrensa pott med aksjer, så dersom veldig mange er interesserte kan det bli snakk om eit tak for kor mykje ein skal kunne investere, men eg ser for meg ein samla aksjekapital på cirka 50 000 (eventuelt med eit overkursfond for å ha større startkapital). Eg ønskjer dog å behalde fleirtalet av aksjene sjølv.

Som aksjeeigar i Nettserier.no ville du bli invitert til generalforsamling ein gong i året, der du hadde stemmerett i viktige saker som vedtekter, val av styre og slike ting (og sjølv om eg seier at eg ønskjer å behalde fleirtalet av aksjane sjølv, er det fullt mogleg å bruke ulike aksjeklassar til å leggja opp ting sånn at de òg har reell makt og ikkje berre må sitja og sjå på kva eg driver med, t.d. kan ein føre inn i vedtektene at eitt styremedlem alltid skal veljast av dykk som brukarar eller noko sånt. Eg er uansett interessert i det de har å bidra med, det er difor eg tenkjar på dette), Den dagen Nettserier faktisk går med overskot vil det òg vera moglegheit for å dele ut dette overskotet som utbytte til aksjeeigarane. Dersom vi ser for oss eit tilfelle der vi har 50 000 kroner i aksjekapital og det vedtas å dele ut eit overskot på 10 000 kroner, og du har skutt inn 1000 kroner, betyr det at du får tildelt 200 kroner av dette overskotet. Litt som å ha eit Coop-kort, berre mykje tøffare.

Så: Kva er det som kompliserer dette? Kva er grunnen til at eg ber om at berre folk som brenner for Nettserier melder si interesse for dette? Først og fremst: Inntil Nettserier faktisk har ein konkret plan for inntening (noko eg håper at ei slik omleggjing kunne føre til at vi får), må sidene operere på sparebluss. Det betyr at på iallfall dei to-tre første åra vil det nok vera heilt uaktuelt å utbetale utbytte. Det betyr at sjølv om styremedlemene vil få styrehonorar, vil dette vera langt lågare enn det som er normalt for styrehonorar. Det betyr at vi treng ein dagleg leiar (det er den jobben som eg kunne tenkja meg å beholde sjølv) som er villig til å jobbe for luselønn ei stund, kanskje så lågt som 100 kroner timen (om ikkje mindre), og at det sjølv med så låg lønn ikkje vil vera kapital til å la dagleg leiar ha meir enn ei 20-25 % stilling. Eg er sjølvsagt villig til dette, og det er uansett meir enn eg tener på Nettserier i dag, men til å vera eit aksjeselskap verkar dette sannsynlegvis latterleg lågt, og eg treng difor at både aksjeeigarar og styre klarer å forholde seg til at dette er noko ein gjer først og fremst fordi ein brenner for det.

For å få dette til å fungere MÅ den langsiktige planen vera at Nettserier skal gå rundt økonomisk og at ein til og med skal ha moglegheit til å gå i overskot - og då seier eg ikkje at det overskotet MÅ gå til utbytte, dersom aksjeeigarane ønskjar det kunne det òg vera mogleg å investere dette i meir produktutvikling. Men på kort sikt treng eg å samarbeide med aksjeeigarar og styre som er komfortable med at det blir null utbytte på nokre år, at styrehonoraret er langt lågare enn det som er normalt, og at eg jobbar for langt under halvparten av den lønna ein dagleg leiar burde ha.

Før eg rundar av dette innlegget vil eg seie at dette ikkje er noko eg vurderer å byrja med i morgon. Kanskje er det realistisk å få til noko sånt i løpet av sommaren. Før det vil eg imidlertid forhåpentlegvis ha gjort ein del meir med Nettserier enn i dag. Då har vi forhåpentlegvis endeleg klart Nettserier på svensk og dansk, og kanskje får vi på plass fleire funksjonar òg, mellom anna ser eg for meg å få Førstetiger tilbake på plass i ei eller anna form.

Så: Er det nokon som er interesserte i dette? Skriv gjerne ein kommentar her, eller send meg ein mail på olaf@stob.no. Som sagt, ingenting er bindande, eg vil berre vite om det er nokre av dykk om er interesserte i noko sånt, så eg veit om dette er noko eg bør jobbe vidare med. Neste punkt på to-do-lista mi er å avtale eit møte med ein revisor for å få klargjort eit par ting eg lurer på om korleis det hadde vore best å løyse dette økonomisk, men før eg kjem så langt vil eg ha dykkar tilbakemeldingar. Og det eg først og fremst er på jakt etter, er altså folk som brenner for Nettserier, men som likevel tør å stille krav til korleis sidene skal fungere.

Nedetid 18.01.12 14:00 - 19.01.12 02:00

av Nettserier.no | 17.01.2012, 06:48 |

Nettserier.no kjem til å vera nede i tolv timer i morgon, frå onsdag 18. januar klokka 14:00 til 02:00 (altså dei første to timene av 19. januar òg).

Dette er planlagt nedetid som ein del av den verdsomspennande internettstreiken mot SOPA og PIPA, der ei rekke nettstadar over heile verda vil gå i svart i tolv timer for å vise kva som kan bli konsekvensen dersom desse lovforslaga blir vedteke.

Oversikt over siste kommentarar

av Nettserier.no | 07.10.2011, 19:51 |

No er det igjen mogleg å sjå ei oversikt over dei siste stripene og blogginnlegga som har fått kommentarar. Denne oversikta finn de på http://www.nettserier.no/kommentarar/ - eller ved å scrolle ned til botnen av framsida og klikke på antallet kommentarar som visast i den nye grå boksen der. (Nei, det antallet er ikkje riktig, det viser ikkje dei kommentarane som foreløpig ikkje er synlege på Nettserier fordi dei ligg i ein annan database, men LINKEN verkar).

Eg er framleis på gjerdet når det gjeld spørsmålet om korvidt dette er noko Nettserier eigentleg trenger, men er villig til å gi det ein sjanse.

Oppdatering av striper: CHECKED

av Nettserier.no | 06.10.2011, 09:36 |

No er det igjen mogleg å laste opp striper på nytt utan å miste alle kommentarane. Merk at dette IKKJE gjerast på same måte som tidlegare: Du skal altså ikkje slette stripa og laste ho opp på nytt på same dato, då forsvinn kommentarane. For å få endra dette på rett måte må du gå inn på Rediger stripe (gå først inn på Administrer serie, deretter inn på Alle striper) og laste opp stripa på nytt i skjemaet du finn der.

Har testa dette og ikkje hatt problemer med det, men finn de feil er eg som alltid interessert i å vite det.

Det er ein ting som foreløpig ikkje går an: Dersom du skal erstatte den opplasta fila med ei ny Flash-fil, vil det ikkje vera mogleg å redigere dimensjonane til denne. Men den moglegheita kjem sjølvsagt etterkvart. (Det er dog ikkje høgprioritet då dei aller færraste bruker Flash. Skulle det vera veldig nødvendig å endre slikt, slett og last opp på nytt.)

Nettserier.no på Raptus 2011

av Nettserier.no | 08.09.2011, 10:33 |

Omslaget til Nettserier.no: UNPLUGGED9.-11. september er det nok ein gong Raptus-festival i Bergen. Nettserier.no er som vanleg representert med stand -- sjå etter den signalgule standen i Teglverket.

Det største Nettserier-relaterte som skjer på Raptus i år er sjølvsagt lanseringa av jubileumsboka vår - Nettserier.no: UNPLUGGED. Boka kan du lese meir om på nettserier.no/unplugged/, og prisen under Raptus vil vera 120 kroner. I tillegg eksperimenterer vi med sosialistprissetjing -- så minstepris for boka er 120 kroner, men du har lov til å betale så mykje du vil. Heile overskotet går uansett til vidare drift av Nettserier. Det kan hende vi finn på noko artig på standen på fredag for å markere offisiell boklansering -- vi får sjå.

Eksperimentering har alltid vore viktig på Nettserier, og i år prøver vi noko nytt på standen: Gratis internettkiosk. Får du eit akutt behov for å lese nettseriar, sjekke mail, blogge, tweete, sjekke facebook eller berre sjå ein video av ein søt kattunge i løpet av helga, kan du altså stikke innom Nettserier-standen og gjera dette heilt gratis. Dersom det blir kø, har eg satt ei grense på maks ti minutt pr person, men sjølvsagt er det lov å kome innom fleire gonger.

Nettserier.no deler stand med Arne Bye, som lanserer Mira-albumet Atten i desse dagar. Så det får du òg kjøpt på standen. Åtti kroner er prislappen der, isåfall. Det betyr at har du ein tohundrelapp, kan du få ei Nettserier-bok og eit Mira-album for han.

For dei av dykk som har meldt dykk på og fått tilbakemelding på e-post om at påmeldinga er registrert, blir det pizzakveld på fredag. Eigenandel for maten, 50 kroner, kan betalast inn på Nettserier-standen (eller på veg til Peppes). Vi blir cirka 22 stykker, og vi møtast utanfor Det akademiske kvarter omtrent klokka 20:00 på fredag og går vidare til Peppes derfrå.

Vi har ikkje fått ein programpost i år, men det er mykje interessant på programmet som det kan vera verdt å få med seg. Raptus-programmet er alltid lagt ut med forbehold om endringar, men her er nokre av dei programpostane som er mest interessante for dei som interesserer seg for Nettserier eller digitale teikneseriar generelt:

  • Fredag, 18:00 i Tivoli: Ethan og Malachai Nicolle
  • Fredag, 19:00 i Teglverket: Lucy Knisley
  • Laurdag, 12:00 i Teglverket: D-Pad Studio
  • Laurdag, 13:00 i Teglverket: Bobla
  • Laurdag, 14:00 i Storelogen: Bård Lilleøien
  • Laurdag, 15:00 i Storelogen: Lucy Knisley saman med Thierry Capezzone (barneprogram)
  • Laurdag, 16:00 i Teglverket: Flu Hartberg og Geir Moen (Rakkestad)
  • Laurdag, 17:00 i Teglverket: Kim Holm, Eirik Andreas Vik, Are Edvardsen og Eirik Hitland Johannessen
  • Laurdag, 18:00 i Tivoli: Bård Lilleøien m.fl. teiknar dragar
  • Sundag, 13:00 i Tivoli: Ethan Nicolle og Lucy Knisley
  • Sundag, 13:00 i Teglverket: Arne Bye
  • Sundag, 14:00 i Teglverket: Anakata Comics
  • Sundag, 15:00 i Teglverket: Ethan Nicolle
  • Sundag, 16:00 i Tivoli: Lucy Knisley

Dette er Raptus' klart beste satsing på digitale teikneseriar nokonsinne, og det applauderer vi på det sterkaste.

Det lanserast òg ei rekke utgivingar der folk frå Nettserier er med i helga: I tillegg til Nettserier.no: UNPLUGGED kjem desse seriane ut i helga:

  • nytt album med Sagaen om Dadaph Serraph (Bård Lilleøien)
  • eksklusiv samleutgåve av Pickman's Model (Kim Holm)
  • Walk of Life: Adventstrilogien (Trond Stavås)
  • Natthsfjeld: Da mørket kom (Jonas Larsen / Aleksander Dokkeberg)
  • Helt pulp (Jonas Larsen / Torgeir Trapnes)
  • Mannen som unnslapp renneløkka (Jonas Larsen / Torgeir Trapnes)
  • Nye streker #2
  • ei rekke fanzines
  • Bobla #3, der ei rekke Nettserier-folk er med, og det òg er eit intervju om Nettserier med sjefen sjølv
  • 22/7, der ei rekke Nettserier-folk er med

Eg trur at dette kan bli ein interessant festival. Stikk gjerne innom og sei hei!

No kan du bestille Nettserier-boka

av Nettserier.no | 06.09.2011, 09:15 |

... og det kan du gjera ved å trykke på banneret over.

(EDIT: Typisk. Det er ein bug i scriptet mitt som gjer at det ikkje er mogleg å leggja inn linkar frå Nettserier-bloggen tilbake til hovud-Nettserier. Glad eg oppdaga den, for å seie det sånn, for det er ein kjip bug å ha.)

Nettserier tilgjengeleg på engelsk

av Nettserier.no | 02.08.2011, 14:11 |

Nettseriers engelske systerside, Webcomics X, er no opna for betatesting. Enkelte små detaljar er nok framleis ikkje omset til engelsk der, men alt skal fungere. Målet er at sidene skal vera fullt funksjonelle og ha all tekst på plass innan 9. september 2011.

Dei av dykk som legg ut seriar som er på engelsk men som har vald norsk som språk i profilen fordi det ikkje har eksistert noko alternativ har no mogleghet til å gå inn og endre dette til engelsk.

Oslo/Utøya 22.07.11

av Nettserier.no | 22.07.2011, 22:08 |

Oppretter dette innlegget for at dei som ønskjer å meddele for andre på Nettserier at dei har det bra - eller uttrykke medkjensle for dei som er ramma - kan gjera det her.

(Er sjølv i Stockholm akkurat no.)

Nettserier-pizzakveld 9. september 2011: Påmelding

av Nettserier.no | 11.07.2011, 12:47 |

I år kjem vi til å bestille bord til den faste Nettserier-pizzakvelden under Raptusfestivalen. Det positive med det er at vi kan vera sikre på at vi får sitja innandørs og spise i motsetning til eit par tidlegare år. Det negative er at vi er nøydt til å vite kor mange som er interesserte i å delta i god tid før vi dukkar opp for å spise. Difor ber eg no vennlig om at dei som er interesserte i å vera med på å spise pizza, fyllar ut dette skjemaet.

Praktiske opplysningar:

Planen er å spise på Peppes Pizza i Bergen sentrum (same restaurant som vi har spist på eit par gonger tidlegare). Dette gjer vi fredag kveld, altså 9. september, etter at festivalen stenger dørene. Ein del av oss kjem til å møtast utanfor Det akademiske kvarter for å spasere til Peppes i samla flokk, men dersom nokon ønskjer å kome seg dit på eiga hand er det sjølvsagt òg lov. Dersom restauranten allereie skulle vera fullbooka før vi rekker å bestille, vil vi prøve å kome inn på andre Peppes-restaurantar i Bergen, og skulle ALT vera fullt vil vi prøve å finne eit anna lokale i hui og hast, og bestille pizzaen dit. Uansett skal vi spise under tak i år.

Du vil få tilsendt alt av praktiske opplysningar på e-post, så det er viktig at e-postadressa du oppgir fungerer. Dersom du har mobiltelefon ber vi om at du oppgir det nummeret òg, sånn i tilfelle det blir nødvendig å kontakte folk med siste minutts informasjon i løpet av fredagen. Hugs at dersom du har lyst til å ta med deg nokon, må dei òg meldast på.

Vi beregner cirka ein stor pizza per tre personar. Oppgi i skjemaet under kva pizzasmakar du har mest lyst på (sjekk menyen på peppes.no). Dersom du har veldig mykje særare smak enn alle andre kan vi ikkje garantere at du får nøyaktig den pizzaen du vil ha, så det er fint om du oppgir dine tre favorittpizzaar i rangert rekkefølgje. Unntaket er sjølvsagt dersom du ber om ein pizza som er vegetarisk eller glutenfri: Det sørger vi for at du får uansett. Bortsett frå det ønskjer vi å gjera det så enkelt som mogleg å bestille, så vi ber om at folk held seg til menyen og ikkje ber om t.d. «Pizza X uten ananas» - er det viktig for deg å ikkje få ananas, finn ein pizza på menyen som ikkje har ananas i utgangspunktet. Og om det ikkje var openbart: «Very special» er uaktuell.

Vi beregner ein eigenandel på 50 kroner per person. For desse pengane kjem Nettserier til å kjøpe inn pizza og eit lite utval pizzasausar (og ja, vi kjem til å bruke litt meir pengar på dette enn 50 kroner pr person, men det treng ikkje du å tenkja på, for Nettserier spanderer resten). Drikke er ikkje inkludert, alle kjøper eigen drikke sjølv - vi veit av erfaring at det kjem til å delta ein del mindreårige på denne pizzakvelden, så vi ber om at denne haldast alkoholfri. Eigenandelen kan betalast inn på Nettserier-standen i løpet av fredag, eller - dersom du ikkje har anledning til å kome innom på fredag - før vi spiser.

Påmeldingsfrist er 19. august. Beklager at dette er såpass tidleg, men Peppes ønskjer å ha bestillingar for så store selskap inne i god tid. Dersom eg ser at dette blir frykteleg dårleg tid for dei fleste, kjem eg til å prøve å bestille eit par ekstra plassar.

Har du nokre spørsmål som ikkje blir godt nok besvarte av teksten over, send ein e-post til olaf@stob.no, så lover eg å besvare dei så fort eg kan. Du kan òg skrive ein kommentar i kommentarfeltet under.

NB: Dersom du skriver noko feil her eller ønskjer å trekke deg, send ein e-post til olaf@stob.no for å få endra på dette. Dersom du melder deg på og ikkje mailer og ber om å trekke deg før 19. august, er dette ei bindande påmelding.